Kva skjer på LGT?

For mange er luktgjenkjenningstesten (LGT) det første møtet med ein konkurransesetting der det er viktig å prestere! Det kan vere både skummelt og morosamt!

Det kan vere vanskeleg å vite om ein er klar for å konkurrere! 
Målet for testen er ikkje å vise om ein er konkurranseklar, men det er ein start og ein mulighet til å bli kjend med konkurransesettinga, sjå kva ein taklar saman som ekvipasje, vise at grunnleggande ferdigheter er på plass – som at hunden finner lukta og førar skjønar at hunden har funne.


Ekvipasjen skal vise at:

  • Hunden kan finne duft og

  • Førar skjønar at hunden har funne duft.

Testen
Sjølve testen er eit søk på emballasje. Tolv identiske pappøskjer der elleve er tomme og den eine inneheld duft. 

Frå dei kryssar startlinja har ekvipasjen tre minutt på seg til å finne ut kva øskje som er “måløskja” – den som inneheld dei små q-tipsane som er kontaminert med noseworklukt.

Tid
Tre minutt er lenge, og du har god til å vandre opp og ned fleire gongar, ta ein liten pause, belønne hunden eller restarte hunden om det trengst, og tidtakar vil prøve sei frå når det er tretti sekunder igjen av tida. Tretti sekund er og ganske lenge! Pust djupt og støtt hunden!

Briefing og oppvarming
Før testen startar samlar dommaren opp alle deltakarane og gjer ein liten briefing av søksområdet og oppsummering av reglar. Her får du vite kvar oppvarmingssøket er, kvar startlinjene er og ellers generell info om luktgjenkjenningstesten og praktisk gjennomføring på dagen. 
Oppvarmingssøket er eit enkelt emballasjesøk satt opp slik at ventande ekvipasjer kan ta eit søk før dei kjem inn til testen.

Melde funn
Det er ingen krav til spesiell markeringsatferd for hunden i Nosework. Det er nok at du skjønar at hunden har funne utlegget, og det kan skje på mange måtar. Det må vere ei viss sammenheng mellom kva hunden driver på med og kvar du melder funn, men dette er heilt uproblematisk for dei fleste.
Det er litt større krav til markeringsatferd frå deg til dommar! Det er viktig at du melder litt tydelig, anten det er med handteikn eller muntlig signal. Helst ser me at du seier “funn” klart og høgt, eller rekker handa raskt og sikkert opp i været. Ei nølande hand som går litt opp og ned ved skuldra er vanskeleg å bedømme. 

Belønning
Belønning av hunden er både ønska og lovlig! Du kan belønne så ofte og mykje du vil, med både leik og mat. Du vil bli bedd om å forsøke unngå forurense området, så prøv å ikkje miste godbitar.

Sjølvstendig søk
Me ønsker sjølvstendige søk i Nosework. I hovudsak kanskje lettast å forklare med at hunden skal styre søket, der du som førar støtter hunden og kjem med forslag. Det ER lov å veilede, støtte, be hunden starte på nytt og liknande. 

Feil
Det er ingen diskvalifiserande feil i LGT, du får ingen feilpoeng, her er det enten bestått eller ikkje bestått og det er tillatt å vere litt dust!
Så sjølv om me ønskjer eit sjølvstendig søk, så blir du ikkje diskvalifisert om du overstyrer og til dømes går og peiker på kvar øskje. Du får heller ikkje feil om du sølar leverpostei på all emballasjen, men det vil gjere det vanskeleg for deg sjølv og muligens etterfølgande ekvipasjer.
Det er til og med “tillatt” om hunden gjer frå seg i søket. Dette vil ein jo helst unngå, men skjer det så er det faktisk ikkje disk.

Diskvalifisering
Det som kan diskvalifisere ein ekvipasje i LGT går på dyrevelferdshensyn. Er hunden din ubekvem, vil helst gå der i frå og du pressar den vidare så kan dommar eller dyrevelferdskontrollør avslutte prøva. Er du hardhendt og ugrei så kan du og bli diskvalifisert. Det burde jo vere forholdsvis enkelt å unngå. 

Utstyr
Du må ha bånd på hunden i testen. Båndet må vere minimum to meter langt og du bør halde i det heile tida. Du kan sleppe bandet i kort periode om det viklar seg kring eit stolbein eller liknande.
Du kan ha sele eller halsbånd, og dekken om du vil, så lenge hunden ikkje opplev ubehag. 
Sjølv kan du ha på deg så lite eller mykje klede du ønskjer, nesten!

Forstyrringar
Det er ingen planlagte forstyrringar i LGT. Alle øskjene skal vere tomme og ubrukte, kun den eine som har duft vil skille seg ut. 
Det kan likevel vere uplanlagte forstyrringar, kanskje ekvipasjen før deg mista ein godbit som ingen såg, kanskje testen er utandørs og det går ein annan hund forbi, kanskje det nyser nokon høgt i rommet ved sidan av. 

Feilmelding
Dersom du er så uheldig å melde feil vil dommaren fortelle deg kva øskje som er riktig, så du kan fullføre søket og gi hunden ein okay avslutting om du vil det. Stort sett får du bruke ut tida di på det, men om tida er gått ut kan du nok og få ta ein kjapp avslutting om du ønskjer. 

Nytt forsøk
Du får kun eitt forsøk på å ta ein LGT pr dag. Så om du feilar testen så får du ikkje prøve igjen der og då. 

Rekkefølge
Testane må takast i rekkefølge Bjørk – Anis – Kryddernellik, der kvar test må vere bestått før du kan gå vidare. Du kan gå alle tre same dag! Det kan vere lurt å berre melde seg på ein av testane i slengen så slepp du betale for testar du ikkje kan ta der og då.

Øskjene
Øskjene i testen skal vere maksimalt 15 cm høge, og ha god lufting.
Utover det kan alle typar pappøskjer brukast.

Mønster
LGT er den einaste prøven i Nosework der du møter emballasjesøk satt opp i eit spesifikt mønster. 
Øskjene står i testen anten i ei lang rekke på tolv, eller  to rekker på seks. Det er ca 80-120 cm mellomrom mellom øskjene. 
Det er lov å gå opp og ned og fram og tilbake så mykje du ønskjer!
(Du kan møte same mønster i konkurranse og, eller andre mønster, eller ingen mønster overhodet!)

Typisk LGTemballasje, arkivboks fra Clas Ohlson

Når veit du om du er klar for LGT?
Det kan nok være vanskelig å vite!
Eg har hatt ekvipasjer som har bestått LGT på søndagen på eit nybegynner-helgekurs. Det anbefalar eg eigentleg ikkje, for då er ein litt i bobla og det betyr lite for om ein er klar eller ikkje for å gå vidare. Testen i seg sjølv er jo ikkje ein veldig vanskelig test, men det er greit for eigen del å vite om det er eigen trening som gir resultater.
Det er ingen krav til at ein må ha trent så-og-så lenge før ein går testen, og alle ekvipasjer gjer ting i eige tempo så det som er rett for nokon er feil for andre. 
Dersom du meiner at hunden din forstår oppgåva, den greier halde fokus og du greier lese og hjelpe uten å vere masete og slitsom når du har litt nerver så kjør på? 

Krav til deltaking
Det er få krav, men:
Førar må vere medlem av Nosework Norge.
Hunden må vere registrert i Dyreidentitets register (chipnr).
Hunden må vere ni månader eller eldre.
Utover dette er einaste krav at du må ha band på, og du må vere grei med hunden.

Ting eg ville trent på til LGT!
Emballasjesøk – sjølvsagt! 
Eg vil i hovudsak trene med kjente utlegg, for først og fremst vil eg at hunden skal oppleve at den gjer rett. Hunden må forstå kva oppgåva er – leite etter lukta og finne den riktige og få belønning når den finner.  Det skal ikkje vere tvil for hunden om kva oppgåva er og kva som gir belønning. Når eg går blindsøk (der eg ikkje veit kva som er rett) så er eg alltid noko treigare med belønninga. Så først få hunden sikker, deretter kan eg strekke strikken litt.
Eg vil gjere ein del oppsett med emballasje der eg går tilbake dersom hunden ikkje finn på første passering.
Eg vil trene i forskjellige miljø, sjølv om eg og hunden kanskje er kjend der testen skal vere så er det verdi i å trene i forskjellig miljø. 
Eg vil trene på at det står mennesker i søket mitt, som ikkje helsar på hunden og er litt passive, og eg kan faktisk og trene på at det kan ligge ein godbit på golvet men at hunden ikkje berre blir opptatt av godbitar fordi den låg der.

Det er gøy å prøve seg og teste eigne ferdigheter! Lykke til!

Kva skjer på LGT?

For mange er luktgjenkjenningstesten (LGT) det første møtet med ein konkurransesetting der det er viktig å prestere! Det kan vere

Read More »

Kva er Nosework?

Nosework er ein søkssport og søksaktivisering der hunden skal finne dei tre forskjellige Noseworkluktene. Grunnleggarane ønskte å tilby ein enkel

Read More »

Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre! Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen

Read More »

Klikkertrening

Er du ein klikkertrenar, eller brukar du berre klikker i treninga? Det er nemlig ein forskjell. Klikkeren er ein liten

Read More »