Trening med Eselet – Klar til konkurranse i desember?
Bli med og tren når Eselet skal bli konkurranseklart!
Eg tok LGT med Esel(bildet) i sommar, og no opnar det seg ein mulighet for at me kan delta på NW1 i desember. Me er på ingen måte klar for å konkurrere, så no kan du få være med på veldig konkrete treningskveldar med eit veldig tydelig mål!
Me går gjennom typiske ting som eg tenker me trenger før ein konkurranse, for å gi ekvipasjen dei erfaringane som er nyttige for å konkurrere. Me tar for oss alle dei ulike søksmomenta, nytt miljø, konkurransestress, startrutiner, venting, ukjent utlegg og uthaldenhet. Me ser på belønningar, motivasjon og om hunden forstår oppgåva.
Her kan du delta om du sikter på klasse 1, eller om du nylig har gjennomført nybegynnerkurs og er nysgjerrig på korleis gå vidare. Me prøver lage planar og treningsmål for alle ekvipasjar.
Eg og Esel har trent veldig sporadisk, og det er ikkje umulig at desse treningskveldane blir dei einaste ho deltek på før konkurransen, så her blir det viktig med godt planlagt trening!
Fire kveldar, i Arna, fra kl 18 til ca kl 20
14. november
21. november
28. november
12. desember