Bli med på nybegynnerkurs i nosework!
Nosework nybegynnerkurs
Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.
Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.
Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.
Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.
Kurset går over seks ettermiddagar. Første gong er teori (uten hund), deretter fem praktiske treningskveldar i Arna.
Fra 21. april. “fri” 26. mai.
Ta med gode godbitar og leiker.