Nosework instruktørkurs
Nosework instruktørkurs.
Nosework er ein søkssport i sterk vekst, og me treng fleire instruktørar på vestlandet.
Kurset er samlingsbasert kurs over fire helger, og krev ein del trening mellom helgene. Deltakar må ha eigen hund.
Me nyttar facebook for kommunikasjon og oppgåver mellom helgene.
Det forventast at deltakar visar framgang i løpet av kurset.
For å delta må du ha eit grunnleggande instruktørkurs i botn, og må minimum ha delteke på eit nosework nybegynnerkurs. Søkar forventast ønskje halde kurs og bidra til eit meir aktivt miljø, gjerne på vestlandet. Interesserte i heile vestland fylke oppmodast til å søke, og heile landet er og velkomne
Innhald i kurset:
50 t undervisning over fire helger
Trening av eigne hundar
Deltakar skal ha 10t undervisning av 2-3 ekvipasjer i løpet av kurset og levere skriftleg rapport
Heimeeksamen
Praktisk eksamen
Du vil lære om Nosework, frå byrjinga i USA til status i Noreg i dag.
Innlæring og vidareutvikling av søksarbeidet i Nosework
Korleis duft oppfører seg
Lese og forstå hunden i søket, forstå søksadferd
Førar si påverkning og rolle
Konkurranse, LGT og Merker
Helger:
16.-17. november
11.-12. januar
22.-23. mars
24.-25. mai
Med forbehold om endring av datoar.
Kurshelgene vert haldne i Bergensområdet.
Kursavgift kr 13600. Kursavgift blir fakturert pr helg.
Meir om nosework i Norge og organisasjonen finn du på www.nosework.no
Rammene for instruktørkurset finn du her.
Ta kontakt ved spørsmål!
Merk at innsending av påmelding ikkje garanterar plass. Du får beskjed så snart som mogleg.