Merker – Oransje
Merker er ein ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” med seg sjølv.
Prøva blir gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
På Oransje Merke er tema Forstyrringar.
Det betyr at det vil vere ei forstyrring i søket, type tørre godbitar, litt kjedeleg menneskemat eller ei hundeleike, eller andre typar forstyrringar.
Kvar hund og førar kan berre delta ein gong. Alle lukter og kombinasjonar kan nyttast.