Kvalpekurs
Har du ein deilig liten piraya-kvalp?
Vil du gi kvalpen din den beste starten på livet? Bli med på kvalpekurs!
Me vil mellom anna gå gjennom:
Korleis hundar lærer
Gode rutiner
Belønningar
Kvalpebiting, ro, miljøtrening og sosialisering
Kontakttrening
Innkalling
Bli og vent
Target
Gå fint i bånd
Være med og rundt andre hundar
Enkle søksoppgåver og aktivisering
Det aller viktigaste du lærer på kvalpekurs, er korleis du sjølv kan trene kvalpen din i etterkant. Vårt mål er at du skal lære treningsprinsippa og greie å takle utfordringar som oppstår på ein god måte.
Me brukar klikker og belønningsbaserte metoder på alle våre kurs!
Går over seks veker, frå 27. oktober kl 17:30.
Me vekslar mellom praktisk trening og litt teori alle gongar.