GRØNT MERKE i Norheimsund
Kvam Hundeklubb inviterer til prøve i GRØNT MERKE i Norheimsund, 12. mars 2023.
Merker er ein ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” med seg sjølv.
Prøva blir gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er IKKJE krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.
GRØNT MERKE
-Dekke heile søksområdet-
I dette temaet er det lagt vekt på litt “uvanlege” gøymestader, som for eksempel; terskel, hjørne, låge og høge gøymer (max 1,2m) og lignande.
Instruktør
-
Monica Nyland