Burgunder Merke!
Torsdag 29. juni inviterar me til Burgunder merke!
Merker er eit nytt aktivitetstilbod frå Nosework Norge, som tek utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurransar. Her fokuserar me på nyttige utfordringar i kjende miljø. Ønsket er at Merker får førar til å tenke meir kreativt når dei legg ut søk og når dei aktiviserar hundane sine.
Tema for burgunder merke er Høgtid! – denne gong Midtsommar!
Det vert gjennomført tre søk, som inkluderar minst to av dei fire søksmomenta. Deltakar må gjere funn på alle tre søk for å få godkjend merke.
Førar må vere medlem av Nosework Norge