Nosework – Lilla Merke! – Føring i fokus
11. desember kl 18 inviterar me til LILLA MERKE!
Merker er eit nytt aktivitetstilbod frå Nosework Norge, som tek utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurransar. Her fokuserar me på nyttige utfordringar i kjende miljø. Ønsket er at Merker får førar til å tenke meir kreativt når dei legg ut søk og når dei aktiviserar hundane sine.
Tema for lilla merke er Føring!
Eit vellukka noseworksøk er ikkje berre avhengig av hunden sitt arbeid, men og førar sitt. I dette merket får ekvipasja oppgåver som gir øving på denne viktige delen av samarbeidet.
Det gjennomførast tre søk, som skal inkludere minst to av dei fire søksmomenta. Deltakar må gjere funn på alle tre søk for å få godkjendt merke.
Oppgåvene kan til dømes vere fokusert på bandhandtering, hugse kva områder hunden har søkt og ikkje, større avstandar, hindringar med meir.
Alle duftene vert nytta.
Førar må vere medlem av Nosework Norge