Nosework – Merker – Raudt
19. juni inviterar me til Raudt merke!
Merker er ein ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” med seg sjølv.
Prøva blir gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
På Raudt Merke er tema Sjølvstende og Problemløysing.
Her må førar vise at hunden søker og løyser problem på eiga hand. Det betyr ikkje “utan førar”, men at førar til dømes gir hunden rom for å jobbe på eiga hand når det er mogleg, og stør hunden når den treng det.
Kvar hund og førar kan berre delta ein gong. Alle dufter kan brukast.