Temakurs Nosework – lese og observere hunden!
Ei av dei vanskelege oppgåvene i søk er å forstå kva hunden driv med. Når er den i søk? Kva jobbar den med? Når er det grovsøk/finsøk?
Her skal me øve på å forstå søket og å lese hunden.
Me skal bruke mykje film og video for å studere og lære oss adferda til hundane i søk.
Me skal observere og sjå etter :
Om hunden er søk eller driver med noko anna
Om den er i søk frå start av, skjønar den kva me skal?
Når jobbar hunden med lukt
Når hunden er i finsøk
Når hunden avskriv eit område
Fem gongar frå 20. august. Små grupper.
Me trenar inne og ute, forskjellige stader i Arna-området.
Passar for deg som har gått nybegynnerkurs, trent litt på eiga hand, eller som vil bli betre på å observere hunden i søket.
Start kl 18.