Regnbogemerket!
mandag 13. mai inviterer me til REGNBOGEMERKE!
Merker er eit nytt aktivitetstilbod frå Nosework Norge, som tek utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurransar. Her fokuserar me på nyttige utfordringar i kjende miljø. Ønsket er at Merker får førar til å tenke meir kreativt når dei legg ut søk og når dei aktiviserar hundane sine.
Tema for regnbogemerket er Alle Duftene!
Dette merket har som fokus å inkludere alle duftene og variasjonar. Alle søksmoment kan brukast.
Tre søk, tre minutt pr søk. Ekvipasjen må gjere funn på alle tre søk for å få godkjend Merke.
Minst eitt søk er på ei duft aleine, minst eitt søk er ei blandingsduft av to eller tre dufter.
Førar må vere medlem av Nosework Norge
Påmelding opnar 30. april kl 12