January 2025
Nosework treningsgruppe – vidarekomne kl 1 / merker
Nosework treningsgruppe – vidarekomne kl 1 / merker
Treningsgruppe over fem torsdagar. Går annankvar torsdag frå 16. januar, kl 18:00.
Passar ekvipasjar som er på kl1 nivå, eller som vil delta på merker.
Må minimum ha deltatt på nybyrjarkurset for å delta, men gjerne vere i gong med konkurranse/merker.
Me trenar inne og ute, i Arna og kanskje Åsane.
Instruktøren førebur og legg ut søka, og er tilgjengeleg for veiledning og spørsmål men kan og trene med eigen hund. Deltakarane delast i grupper som samarbeider om søka, observerer og stør kvarandre.
Ta kontakt om du har spørsmål, eller om du vil melde på med meir enn ein hund!
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
Nosework treningsgruppe – vidarekomne kl2/3+ Sold Out
Nosework treningsgruppe – vidarekomne kl2/3+
Treningsgruppe for deg som er godt i gang, og trenar på alle duftene. Ekvipasjane er på kl2/3 nivå, kan finne fleire utlegg i eitt søksområde og er i gong med meir avanserte utfordringar.
Me møtast forskjellige stader i Arna, og har Espeland som base. Me legg opp treningane litt etter forskjellige tema, som utfordrar både førar og hund.
Me brukar alle duftene, aleine eller i kombinasjon. Trenar på meir variert emballasje og andre morosamme ting!
Fem gongar, annankvar torsdag frå 23. januar, fra kl 18:00.
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
Nosework nybyrjarkurs – tysdagar Last Few Tickets
Nosework nybyrjarkurs – tysdagar
Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.
Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere omplasseringshundar på for mental aktivisering og å finne ro.
Me jobbar med hunden si mestring og entuisiasme, og forståing av oppgåva ved bruk av emballasje, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.
Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.
Kurset går over fem tysdagar, frå kl 18. Me trenar både inne og ute. Første gang er teori utan hund.
Det vert opphald i vinterferieveka. (25. februar)
Ta med gode godbitar og leiker.
Du får luktene og liten startpakke av meg på slutten av kurset, samt sporadiske treningar med instruktør i løpet av året i etterkant av kurset.
Kan dele opp betaling om ønskelig. 🙂
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
February 2025
Grønt Merke – Arna Sold Out
Grønt Merke – Arna
Merker er eit nytt konsept fra Nosework Norge som fokuserar på aktivisering og kreative utfordringar! Me tar utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurranse, og fokuserar på nyttige utfordringar i kjende miljø.
Det giast ingen poeng, plassering eller tidsopplysning frå Merker, og ekvipasjen kan melde seg på sjølv om dei ikkje har gått LGT. Det er ei bestått/ikkje-bestått prøve.
Alle dufter eller kombinasjonar kan verte nytta på prøva. Førar må vere medlem av Nosework Norge.
Denne gong vert det halde Merker med tema “Dekke heile søksområdet”.
Kvar hund/førar kan berre delta ein gong pr prøve. Begrensa antal plassar.
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
Blått merke! Last Few Tickets
Blått merke!
Me inviterar til Blått merke i Arna!
10. februar kl 18:00
Merker er ei ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” mot seg sjølv.
Prøva vert gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er ikkje krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.
Tema for blått merke er “lar du deg lure?”.
Her prøver me legge utlegg på litt nye og uventa stader, for hund eller førar.
Alle nosework-duftene kan bli brukt.
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
Rosa Merke! Sold Out
Rosa Merke!
Me inviterar til ROSA MERKE i Arna, 17. februar kl 18:00
Merker er eit nytt aktivitetstilbod frå Nosework Norge, som tek utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurransar. Her fokuserar me på nyttige utfordringar i kjende miljø. Ønsket er at Merker får førar til å tenke meir kreativt når dei legg ut søk og når dei aktiviserar hundane sine.
Tema for det rosa merket er fleire funn!
Å trene med fleire funn i eitt søk kan vere både morosam og motiverande for hundane.
Det skal gjennomførast tre søk, med to utlegg i kvart søk. Søka skal inkludere minst to av dei fire søksmomenta, og ekvipasjen må gjere begge funn i alle tre søk for å få godkjend merke.
Førar må vere medlem av Nosework Norge
Alle luktene eller kombinasjonar vil nyttast.
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds
Instruktør
August 2025
Nosework trenerkurs!
Nosework trenerkurs!
Vil du nerde litt Nosework? Har du skjønt at det er meir ved Nosework enn å berre legge ut vilkårlege søk? Vil du lese både hund og søksområder?
Trenerkurset er lagt opp med fire helgesamlingar over tid, og oppfølging i ei privat facebookgruppe med oppgåver mellom samlingane. På samlingane vekslar me mellom teori og praksis, og me brukar mykje film og analyserer søk og søksområder både før og etter.
Mellom helgene trenar ekvipasjene med tema og oppgåver.
Tema gjennom helgene vert:
Duftteori
Hunden sin luktesans
Korleis søka kan utdanne hunden
Førarferdigheter
Observere og forstå hund og søksområde
Korleis nytte film for å lære meir
Motivasjon
Problemløysing
Uthaldenhet
Senke stress
Fleire funn
Forstyrringar
Konkurransetrening
Deltakarane må ha deltatt på nybyrjarkurs for å delta, og vere i gang med minst ei av duftene. Me skal bruke alle luktene i løpet av kurset.
Fakturerast pr helg, kr 3000,- pr ekvipasje.
Fra kl 11.
Tidspunkt og stad vil kunne variere etter avtale. Treningane vert i Bergensområdet.
16.-17. august
18.-19. oktober
10.-11. januar
21.-22. april
Stad
-
00
days
-
00
hours
-
00
minutes
-
00
seconds