Nosework – lese og observere hunden!
Litt kort frist, men prøver oss med eit kurs med oppstart før jul!
Ei av dei vanskelege oppgåvene i søk er å forstå kva hunden driv med. Når er den i søk, kva jobbar den med, når finner den.
Her skal me øve på å forstå søket og å lese hunden.
Me skal bruke mykje film og video for å studere og lære oss adferda til hundane i søk.
Me skal observere og sjå etter :
Om hunden er søk eller driver med noko anna
Om den er i søk frå start av, skjønar den kva me skal?
Når jobbar hunden med lukt
Når hunden er i finsøk
Når hunden avskriv eit område
12. desember – teori
19. desember – trening
juleferie
2. januar – trening
9. januar – trening
16. januar – trening
Start kl 18 kvar gong
Me lagar og ei felles facebookgruppe, og de får oppgåver de skal filme og legge ut mellom treningane.