Innkallingskurs
Ei god innkalling er noko av det viktigaste uansett kva hund du har.
Hundar som kjem på innkalling, kan få meir frihet, og er lettare å sleppe laus.
Her hjelp me deg få ei innkalling du kan stole på.
Me trenar på belønningar, fart og ulike forstyrrelsar. Innkallingsøvelsen vert delt opp i små momenter, for å gjere det lettare å forstå for hunden. Målet er at hunden skal kome kjapt på innkalling når det verkeleg gjeld.
Alle treningar skjer i Arna. Praktisk trening alle gongar.
Hunden bør vere ok med å trene rundt andre hundar, men treng ikkje vere eksemplarisk. 🙂
Går over fire ettermiddagar, ein kveld i veka.