Luktgjenkjenningstesten (LGT) er ein test alle ekvipasjar må bestå, for å kunne konkurrere i Nosework. Testen er eit emballasjesøk, med tolv pappøskjer, der det er gøymt eit funn i den eine og verken fører eller hund veit kva øskje som er riktig.
Formål
Testen skal vise at hunden kan finne duft i ukjent emballasjesøk, og at førar kan lese hund.
I motsetning til i konkurranse, så kan testen gjennomførast ein stad ekvipasjen er vant til å trene, som gjerne gjer terskelen litt lågare for dei fleste! Det er ein fin start for dei som er nye med konkurranse, og kanskje eit morsomt mål for deg som berre vil aktivisere og ha det moro med hunden!
Registrerte ekvipasjer
For å delta på LGT må førar vere medlem av Nosework Norge. Hunden må vere vaksinert og registrert med chip (eller med regnr i NKK), bevis på dette sendast arrangøren. Chipnummeret er viktig for å kunne registrere resultatet i Nosework Norge sitt system. Hundar som går på faste medisinar (t.d. smertestillande, eller kastreringschip) kan og delta! Du treng berre levere eit eigenerklæringsskjema til Nosework Norge, som ønsker ein enkel oversikt på kor mange det gjeld.
Testen
Sjølve testen gjennomførast typisk med kun ekvipasjen, testleiar og funksjonær til stades. Du får eit oppvarmingsområde før testen der du kan få gjort eit lite treningssøk på eiga hand før testen startar.
I testen står det tolv like pappøskjer, som er maks 15 cm høge. Øskjerne står med ca ein meters mellomrom, og anten i ei rekke på tolv eller i to rekker på seks.
Frå ekvipasjen kryssar startstreken har den tre minutt på å finne ut kva for øskje som inneheld duft. Testen er ein bestått/ikkje bestått test, så det er i utgangspunktet ikkje så mykje du kan gjere feil her! Tre minutter er ganske lenge, så du har god tid.
Når du trur hunden din har funne den riktige øskjar, så seier du frå til testleiar, og får beskjed med ein gong om det er rett eller feil. Var det rett kan du juble og belønne med ein gong, men av hensyn til neste deltakar er det greit om du flyttar deg ut av søksområdet først, så det ikkje er risiko for å miste belønningar i søket. Tok du feil får du vite kva øskje som er riktig, og kan la hunden søke ferdig, sånn at den får ein hyggelig erfaring.
Godkjend som ekvipasje
Det er ekvipasjen som består testen, så om førar har fleire hundar, eller hunden fleire førarar, så må kvar ekvipasje bestå for seg. For å delta i konkurranse klasse ein, så må du bestå LGT for bjørk. Etter å ha bestått LGT bjørk kan du og ta LGT for anis, og deretter for kryddernellik. Etter testen får du resultatkort, som du skal ta med deg på konkurranser/seinare LGT. Kortet viser kva LGT du har tatt, og titlar og napp du har fått.
Kvar
Alle godkjende instruktørar i Nosework Norge kan dømme på luktgjenkjenningstestar, alle kan arrangere så lenge dei har ein instruktør til å dømme. Testen kan arrangerast ute eller inne, og kan i utgangspunktet gjennomførast overalt så lenge det er nok plass til emballasjen. Arrangementet må søkast om på førehand hjå Nosework Norge, minimum tre veker før.
Lykke til!