Aktuelt
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/2022/02/DSC_8384-scaled.jpg)
Kurs
Kurs og privattimer for hundeegarar, av instruktørar frå Canis Hundeskole.
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/2022/02/DSC_6647-Edit.jpg)
Atferdskonsultasjon
Har det oppstått problemer i hundeholdet? Me tar imot deg som har utfordringar!
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/2022/02/DSC_9853.jpg)
Blogg
Litt av kvart om smått og stort innan hund.
Kommande kurs og aktivitetar!
February 2025
Blått merke! Sold Out
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/Litt-mec-thumb-1026-362.jpg)
Blått merke!
Me inviterar til Blått merke i Arna!
10. februar kl 18:00
Merker er ei ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” mot seg sjølv.
Prøva vert gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
Førar må vera medlem av Nosework Norge. Det er ikkje krav til bestått LGT av noko slag. Førar kan berre delta med ein hund.
Tema for blått merke er “lar du deg lure?”.
Her prøver me legge utlegg på litt nye og uventa stader, for hund eller førar.
Alle nosework-duftene kan bli brukt.
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
Rosa Merke! Sold Out
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/cropped-FlytHundetraining48BallFinalPNG-01-1-mec-thumb-1026-362.png)
Rosa Merke!
Me inviterar til ROSA MERKE i Arna, 17. februar kl 18:00
Merker er eit nytt aktivitetstilbod frå Nosework Norge, som tek utgangspunkt i andre typar utfordringar enn konkurransar. Her fokuserar me på nyttige utfordringar i kjende miljø. Ønsket er at Merker får førar til å tenke meir kreativt når dei legg ut søk og når dei aktiviserar hundane sine.
Tema for det rosa merket er fleire funn!
Å trene med fleire funn i eitt søk kan vere både morosam og motiverande for hundane.
Det skal gjennomførast tre søk, med to utlegg i kvart søk. Søka skal inkludere minst to av dei fire søksmomenta, og ekvipasjen må gjere begge funn i alle tre søk for å få godkjend merke.
Førar må vere medlem av Nosework Norge
Alle luktene eller kombinasjonar vil nyttast.
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
Temakurs – Fleire utlegg [Nosework]
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/NoseworkkursNaomi-36-mec-thumb-1026-362.jpg)
Temakurs – Fleire utlegg [Nosework]
Eit mål i Nosework er å gi hunden fleire utfordringar og problemer den kan løyse. Ein forholdsvis enkel måte å lage fleire utfordringar for hunden på er å legge fleire utlegg i eitt og same søksområde. Hunden må då mellom anna:
- Forstå at det er fleire utlegg
- Forstå at den skal bli ved utlegget den har funne fram til den har fått belønning
- Forstå at den skal finne alle
- Forstå når den skal gå frå eit utlegg den har funne
- Forstå litt kompliserte duftvandringar der lukt frå to eller fleire forskjellige utlegg samlar seg
Det set og litt fleire krav til førar, som må lese meir komplekse atferder hjå hunden når den møter konvergens, forstå kva områder det ikkje finst duft i, føre utan å stå i vegen, hjelpe når det trengst, lese kva deler av søket eigen hund treng meir erfaring med m.m.
Me tar for oss kvar av desse delene.
Konkurranseerfaring er ikkje naudsynt, og kurset kan passe godt for deg som er ganske fersk så lenge hunden er trygg på minimum bjørk+anis. Me vil trene med alle luktene siste gongen.
Base i Arna, mulig noko trening blir litt utanfor etter avtale. Kun ein hund vil vere i trening om gongen, og hundane må vente i bil mellom øktene.
Fra 11 til ca 16 avhengig av antal deltakarar, matpause midt på dagen.
To laurdagar: 22. februar og 29. mars. Veksle mellom teori og praksis.
Enkle oppgåver mellom treningane, med mulighet for tilbakemelding på filma søk.
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
March 2025
Merker – Oransje Sold Out
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/NoseworkkursNaomi-10-mec-thumb-1026-362.jpg)
Merker – Oransje
Merker er ein ny aktivitetsform frå Nosework Norge. Det er ei litt meir uhøgtidleg bestått/ikkje bestått prøve der ekvipasjen berre “konkurrerar” med seg sjølv.
Prøva blir gjord som tre søk, der minst to av dei fire søksmomenta i Nosework er inkludert. Kvart søk har ei makstid på tre minutt. Det er eitt funn i kvart søk og ekvipasjen må gjere funn i alle tre for å få godkjend Merke.
På Oransje Merke er tema Forstyrringar.
Det betyr at det vil vere ei forstyrring i søket, type tørre godbitar, litt kjedeleg menneskemat eller ei hundeleike, eller heilt andre typar forstyrringar.
Kvar hund og førar kan berre delta ein gong. Alle lukter og kombinasjonar kan nyttast.
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
Nosework nybyrjarkurs – tysdagar
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/vaffelmars22-scaled-mec-thumb-1026-362.jpg)
Nosework nybyrjarkurs – tysdagar
Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.
Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere omplasseringshundar på for mental aktivisering og å finne ro.
Me jobbar med hunden si mestring og entuisiasme, og forståing av oppgåva ved bruk av emballasje, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.
Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.
Kurset går over fem tysdagar, frå kl 18. Me trenar både inne og ute. Første gang er teori utan hund.
Ta med gode godbitar og leiker.
Du får luktene og liten startpakke av meg på slutten av kurset, samt sporadiske treningar med instruktør i løpet av året i etterkant av kurset.
Kan dele opp betaling om ønskelig. 🙂
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
April 2025
NW2 Bergen
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/cropped-FlytHundetraining48BallFinalPNG-01-1-mec-thumb-1026-362.png)
Date
Time
Pris
NW2 Bergen
Flyt hundetrening inviterar til NW2!
Stad: Fana – Nordvik skule
Dato: 26. april
Klasse 2.
Noseworkkonkurranse med fem søk.
Start kl 10 og kl 14
Maks 20 deltakarar
Delast i to grupper på ti
Løpetisper må gå i siste gruppe
Me gler oss til eit triveleg arrangement!!
Minner om at ekvipasjen må ha bestått LGT anis og oppnådd tittel NW1 for å delta kl2.
Hugs at de og må vere medlem av Nosework Norge.
Bindande påmelding.
Påmeldingar opnar 15. februar
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
NW3 Sævareid – Vestlandet
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/cropped-FlytHundetraining48BallFinalPNG-01-1-mec-thumb-1026-362.png)
Date
Time
Pris
NW3 Sævareid – Vestlandet
Flyt hundetrening inviterar til NW3!
Stad: Sævareid – Breidablikk
Dato: 27. april
Klasse 3.
Noseworkkonkurranse med seks søk.
Start kl 10
Maks 15 deltakarar
Løpetidstisper må gå sist
Me gler oss til eit triveleg arrangement!!
Minner om at ekvipasjen må ha bestått LGT kryddernellik og oppnådd tittel NW2 for å delta kl3.
Hugs at de og må vere medlem av Nosework Norge.
Bindande påmelding.
Påmeldingar opnar 15. februar
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds
Instruktør
August 2025
Nosework trenerkurs!
![](https://www.flythundetrening.no/wp-content/uploads/ab_resized/Litt-mec-thumb-1026-362.jpg)
Nosework trenerkurs!
Vil du nerde litt Nosework? Har du skjønt at det er meir ved Nosework enn å berre legge ut vilkårlege søk? Vil du lese både hund og søksområder?
Trenerkurset er lagt opp med fire helgesamlingar over tid, og oppfølging i ei privat facebookgruppe med oppgåver mellom samlingane. På samlingane vekslar me mellom teori og praksis, og me brukar mykje film og analyserer søk og søksområder både før og etter.
Mellom helgene trenar ekvipasjene med tema og oppgåver.
Tema gjennom helgene vert:
Duftteori
Hunden sin luktesans
Korleis søka kan utdanne hunden
Førarferdigheter
Observere og forstå hund og søksområde
Korleis nytte film for å lære meir
Motivasjon
Problemløysing
Uthaldenhet
Senke stress
Fleire funn
Forstyrringar
Konkurransetrening
Deltakarane må ha deltatt på nybyrjarkurs for å delta, og vere i gang med minst ei av duftene. Me skal bruke alle luktene i løpet av kurset.
Fakturerast pr helg, kr 3000,- pr ekvipasje.
Fra kl 11.
Tidspunkt og stad vil kunne variere etter avtale. Treningane vert i Bergensområdet.
16.-17. august
18.-19. oktober
10.-11. januar
21.-22. april
Stad
- 00
days
- 00
hours
- 00
minutes
- 00
seconds